To sentrale møte i starten av mai
Lom kommune inviterer til dialogmøte om byggeprosjekt 4. mai, med særleg fokus på Røyskattlie 18. Her får næringslivet innsikt i planane, tips frå Odin prosjekt og høve til å stille spørsmål til prosjektleiar.
Dagen etter, 5. mai, er det klart for frukostmøte for næringslivet – eit lågterskeltilbod med god mat, fagleg påfyll og nyttige møteplassar.
Spennande gjester på frukostmøtet 5. mai
Programmet er variert og relevant for mange bransjar. Du får mellom anna møte:
- Varde investeringslaug, som investerer i lokale satsingar og presenterer alternative finansieringsmoglegheiter.
- Heidrun Marstein frå Bakeriet i Lom, som deler erfaringar om rekruttering og kompetansebygging.
- Hæge Nyrnes frå Lom kommune, som informerer om arbeidspraksisordningar for flyktningar – ei mogleg ressurs for lokale bedrifter.
- Lomsklangen, som gir smakebitar frå det komande Songarstemnet i juni.
- SAR61°N, ei nasjonal samling for redningstenesta, som vert arrangert i Lom i starten av juni.
Ein ledig plass i lærlingkollektivet
Pilotprosjektet som tilbyr bustad til unge vaksne i utdanning eller arbeid, har no éi ledig plass. Perfekt for lærlingar, traineear eller andre unge som vil bu og jobbe i Lom.
Kva skjer framover?
Nyheitsbrevet gir ei samla oversikt over arrangement og fristar – frå etablerarkurs og fagdagar til kulturhendingar, festivalar og næringslivsarrangement heilt fram til hausten.
Oversikt over bustader og næringsareal
Du finn òg ei oppdatert liste over bustader, tomter, næringslokale og kontorplassar som er ledige i kommunen – nyttig både for etablerarar og dei som vurderer å flytte til Lom.
Sjå nyheitsbrevet herNyheitsbrev
Vil du melde deg på nyheitsbrevet?
Påmeldingslenke til nyheitsbrevet