Klage på takst

Du kan klage på taksten dersom du meiner han er feil.

Kort fortalt

  • Du kan klage dersom du meiner taksten er for høg eller byggjer på feil opplysningar.
  • Klagen må sendast innan seks veker etter at taksten er gjort kjend for deg.
  • Klagen må vere skriftleg og forklare kva du meiner er feil.

Slik klagar du

  1. Les gjennom taksten og opplysningane om eigedommen.
  2. Vurder om taksten byggjer på feil opplysningar eller feil vurderingar.
  3. Send ein skriftleg klage til kommunen innan fristen
  4. Kommunen behandlar klagen

Frist for å klage

Du må sende klage innan seks veker etter at taksten er gjort kjend for deg.

Kva må klagen innehalde?

Klagen treng ikkje vere lang eller komplisert, men bør innehalde:

  • namn og kontaktinformasjon
  • kva eigedom klagen gjeld (gards- og bruksnummer)
  • kva du meiner er feil
  • kva endring du ønskjer

Legg gjerne ved dokumentasjon som støttar klagen.

I Min Eiendom kan du sjå opplysningar som er registrerte om eigedommen din, til dømes areal, bygningar og eigedomsgrenser.

Kva skjer etter at du har klaga?

Eigedomsskattekontoret i kommunen vurderer først klagen, før den blir lagt fram for sakkunnig nemnd.

Dersom sakkunnig nemnd ikkje endrar taksten, blir saka sendt vidare til klagenemnda for eigedomsskatt, som tek endeleg avgjerd.

Les meir om Sakkunnig nemnd.

Viktig å vite

Du må betale eigedomsskatten sjølv om du har sendt inn klage. Dersom klagen fører til endring av taksten, blir eigedomsskatten korrigert i etterkant.