Søk ferdigattest når du er ferdigNår du er ferdig med å bygge, må du hugse å gi beskjed til kommunen om kva som er bygd. Dette gjeld både små og store tiltak.For tiltak som krev søknad, må du ha fått ein ferdigattest eller eventuelt eit mellombels bruksløyve før du tek bygget i bruk.Vi treng informasjon om alle bygningar i kommunen for å halde oversikta oppdatert – både til bruk i kart og til planlegging framover.Ferdigattest for tiltak med søknadspliktTiltak som er søknadspliktige, skal som hovudregel avsluttast med ein ferdigattest. Ferdigattesten viser at bygget er ferdig, og at det er oppført i tråd med godkjenninga og gjeldande reglar.Slik søker du ferdigattestFyll ut søknad om ferdigattest i Lom kommune si skjemaløysing. Skjema for ferdigattestMellombels bruksløyveViss det står att berre mindre arbeid før bygget er heilt ferdig, kan du søke om mellombels bruksløyve. Du kan ikkje ta i bruk bygget før dette løyvet er gitt.Skjema for mellombels bruksløyveFerdigattest for tiltak utan søknadspliktHar du ført opp noko som ikkje krev søknad, må du likevel gi melding til kommunen når arbeidet er fullført. Dette gjer du ved å fylle ut skjema på kommunen si skjemaløysing. Skjema for ferdigattestKor lang tid tek det?Behandlingstida for ferdigattest er normalt inntil 3 veker.Sjå gebyrlista for prisarAnsvarleg for tenesta: Plan, byggesak og miljø