Kommunen leverer tenester på eit breitt spekter av område. Kommuneplanen kan vise alt dette, men gjennom denne revideringa har det vore eit mål å tørre og ta val kring kva Lom skal konsentrere seg om i tida framover.
Å ta slike val betyr ikkje at ein ikkje skal levere gode tenester på alt det andre, men at ein tek bevisste val på kva det er ekstra viktig å arbeide med framover.
Delmåla 1.6 (jordvern), 1.9 (fornybar energi), 4.1 (næringsareal) og 6.11 (bustadutvikling) blir ytterlegare utdjupa i arealstrategien.