Slik kjøper du billettar

Utgard ynskjer at alle billettar blir kjøpt via ebillett

Du får kjøpt billettar her, eller ved å laste ned appen "eBillett" til telefon og nettbrett frå https://ebillett.no/. Du får og kjøpt billettar i Utgard 30 minutt før forestilling (merk at det da kan vere utseld). 

Billetten blir liggande i appen, samt at du får ein e-post med billetten din. 

Når du kjem på kino eller anna arrangement i Utgard, må du syne fram billetten. Dette kan du gjere på tre ulike måtar:

  • Ta skjermbilete av billetten med mobiltelefonen
  • Vise fram billetten via ebillett-appen på mobiltelefonen 
  • Syne fram e-posten du har motteke. Anten ved å skrive den ut, eller vise den via mobiltelefonen

Har du ikkje moglegheit til å ta med mobiltelefon for å syne fram billetten eller skrive den ut, så noter ned rad- og setenummer og syn fram dette når du kjem til arrangementet. 

Vi kan spore alle kjøpte billettar, så skulle det oppstå noko problem med å finne att billetten, så løyser dette seg når du tek kontakt med Utgard. 

Alle får sin billett på e-post

Dersom du ikkje får e-post med billett, ta kontakt med Utgard: 
Telefon: 468 57 889 (vakttelefon) eller  902 88 549 (driftsleiar Marit Rolstad)
E-post: utgard@lom.kommune.no 

Refundering av billettar 

Billettar som blir kjøpt på web kan refunderast.
Kjøper du billettar fysisk over disk refunderast ikkje billettane ved eventuell nedstenging eller andre grunnar til at arrangementet ikkje blir gjennomført.   

Marit Rolstad
Tenesteleiar kultur og friviljugheit
Telefon 902 88 549