Utgard fleirbrukshus

Utgard er storstova i Lom. Saman med idrettsanlegget i Grov utgjer samfunnshuset den største samlingsplassen for kultur- og idrettsarrangement i Lom.

Det tidlegare samfunnshuset er bygt om og bygt på i to retningar. Komplekset inneheld no kulturstugu med sal og sene, idrettshall (kan delast i 3 mindre gymsalar), kjøken, kantine, møterom, trimrom, symjehall, garderobar og skulelokale for vidaregåande skule.

Monika Øyen
Sals- og driftsansvarleg - Utgard
Mobil 465 05 428

Utgard fleirbrukshus
Bergomsvegen 41
2686 Lom

Vakttelefon Utgard: 468 57 889