Lærlingkollektivet er ei ny bustadsatsing i Lom

Lom kommune lanserer no lærlingkollektivet – eit nytt bustadtilbod for unge vaksne i tidsavgrensa utdanningsløp eller arbeidsforhold i Lom, til dømes lærlingar. Målet er å gjere det enklare for unge i målgruppa å få ei god plass å bu medan dei jobbar i Lom.

Lærlingkollektivet - Klikk for stort bildeVinterleg utsikt frå stua Hege Olimb Myhre

Kollektivet består av tre møblerte rom i eit bufellesskap, lokalisert tett på både tenester og arbeidsplassar i sentrum av Lom. Tilbodet er ein del av det bustadsosiale utviklingsarbeidet som kommunen gjennomfører, med støtte frå Husbanken.

Les meir og søk plass i kollektivet her.