Omstilling i Lom: Viktige val for ei berekraftig framtid

Lom kommune står framfor viktige prioriteringar. I kommunestyremøtet tysdag 23. juni skal fleire saker knytt til omstillingsprosessen behandlast.

Målet med omstillingsarbeidet er å sikre ein berekraftig kommuneøkonomi, slik at Lom også i framtida kan levere gode tenester til innbyggjarane. Samstundes har kommunen eit handlingsrom til å planleggje og gjennomføre endringane på ein god måte.

Kvifor må Lom kommune omstille seg?

Lom kommune, som mange andre kommunar, står overfor store endringar i åra framover. Vi blir fleire eldre, færre i yrkesaktiv alder og det blir stadig meir krevjande å rekruttere nok kvalifisert arbeidskraft.

Samtidig viser KOSTRA-analysen at kommunen over tid har hatt eit høgare kostnadsnivå enn samanliknbare kommunar.  

Omstillingsarbeidet handlar ikkje berre om å redusere kostnader, men om å tilpasse kommunen til dei utfordringane vi veit kjem – og sikre at ressursane blir brukt der dei gir størst verdi for innbyggjarane.

Brei involvering

Omstillingsarbeidet blir gjennomført som ein organisasjonsutviklingsprosess der leiarar, tillitsvalde og politikarar er involverte.

Gjennom fleire samlingar og arbeidsprosessar har kommunen gått gjennom utfordringsbiletet, vurdert moglegheiter og arbeidd fram konkrete tiltak.

Utgangspunktet for arbeidet var mange innspel, idear og moglege tiltak. Gjennom prosessen er desse bearbeidde, vurderte og prioriterte, og er nå samla i 73 konkrete tiltak.  

Tiltaka er vurderte ut frå mellom anna økonomisk effekt, konsekvensar og gjennomførbarheit.

Alle leiarane har involvert eigne tilsette i arbeidet med å få fram forslag og vurderingar.

Innbyggjardialog

Kommunen har også fått mange innspel frå innbyggjarar gjennom digital innbyggjardialog og dialogmøte. Desse har og vore med inn i arbeidet knytt til tiltaka.

Dialogmøta hadde særleg fokus på framtidig organisering av barnehage og skule, men det kom også innspel knytt til omstillingsprosessen generelt.

På nettsida kan du finne ei samanstilling av alle innspel som har kome inn. Innspela viser eit stort engasjement for kommunen og framtida til lokalsamfunnet. Mange har peika på kva dei meiner er viktig å ta vare på, kva som kan endrast, og kva moglegheiter dei ser framover.

Gå til oppsummering av innspel

Vanskelege, men nødvendige prioriteringar

Kommunen har avgrensa ressursar, og vi må vurdere korleis dei skal brukast på best mogleg måte.

Det betyr også at nokre val kan bli krevjande. Dersom eit tiltak blir teke ut, må kommunen finne innsparing ein annan stad for å nå måla for omstillingsarbeidet.

Det finst ikkje løysingar utan konsekvensar. Difor er det viktig å sjå tiltaka i samanheng og vurdere kva som gir den beste løysinga for Lom på lang sikt.

Kommunestyret skal behandle vegen vidare

På kommunestyremøtet tysdag 23. juni skal politikarane ta stilling til den vidare retninga for omstillingsarbeidet og tiltakslista som er utarbeidd.

Nokre tiltak kan gjennomførast raskt, medan andre vil krevje meir planlegging og involvering før dei kan setjast i verk.

Det vidare arbeidet vil skje i dialog med tilsette, tillitsvalde og andre som blir påverka av endringane.

Les meir om omstillingsarbeidet

Gå til saksliste for kommunestyremøte 23. juni