Oppstart av reguleringsplanarbeid for areal på GjeisarøyeDet er starta opp arbeid med reguleringsplan for gnr./bnr. 38/50 i Gjeisarøye (planid. 34340016). Planlegginga skjer på vegne av grunneigar. Det er Nordplan AS som står for arbeidet med det private reguleringsplanforslaget, og som har varsla oppstart. Planområdet er om lag 3,7 daa og ligg nordaust for Fossbergom sentrum langs Liavegen (fv. 2640), og vil ha same avkøyrsel som trafostasjonen. Arealet er i dag ubygd open fastmark. Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for kombinert arealbruk for næringsverksemd (lett industri og kontor) og bustader. Det skal leggast til rette for tilkomst, parkering, gangløysingar og uteopphaldsareal. I kommunedelplanen for Fossbergom ligg arealet med arealbruksformål næringsverksemd. Bustadformålet avvik frå arealbruken som er fastsett i kommunedelplanen, og vil vere eit sentralt tema i planprosessen. Det skal vurderast avbøtande tiltak knytt til nærleik til trafostasjon, mellom anna med omsyn til støy, elektromagnetisk stråling frå trafostasjonen og tryggleik.På bakgrunn av vurderingar i oppstartsmøtet, er det konkludert med at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. Relevante tema vil likevel bli utgreidde som del av planarbeidet.Gjeldande reguleringsplan for Prestøya/Gjeisarøya vil bli erstatta for dei delane av området som vert omfatta av ny plan.Dokumenta som følgde med oppstartsvarselet frå Nordplan AS er vedlegg til denne artikkelen, og omfattar:Varslingsbrev (PDF, 943 kB)Planinitiativ (PDF, 2 MB)Kart med plangrense (PDF, 76 kB)Spørsmål og merknaderSpørsmål om reguleringsarbeidet kan rettast til Lars Kveene-post: lk@nordplan.noEventuelle merknader til planarbeidet skal sendast skriftleg til: Nordplan AS, Rosenholmveien 25, 1414 Trollåseneller e-post: lk@nordplan.noFrist for innspel: 18.06.2026 Publisert av Marit Rolstad Sist endret 03.06.2026 13.05