Individuell plan (IP) og koordinatorHar du behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid? Då har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan (IP).Med langvarige behov meiner vi at du treng hjelp over ei viss tid — det treng ikkje vere permanent, og heller ikkje vare i månader eller år, men det må vere meir enn berre ei kortvarig støtteordning.Koordinerte tenester betyr at du har behov for to eller fleire tenester frå ulike tenesteytarar, og at det er viktig at desse tenestene blir planlagde og følgde opp på ein god måte saman. Koordinatoren vil vere ein fast kontaktperson som hjelper deg med å halde oversikt og få til ei heilskapleg oppfølging.Ønskjer du å vite meir eller søkje om dette, kan du ta kontakt med Tildelingskontoret i Lom og Skjåk. Kva er ein individuell plan?Ein individuell plan skal sikre at det er nokon som har ansvaret for koordinering og målretting av tenestane og tiltaka dine. Den gir og ei oversikt over kven som er dine tenesteytarar.Det er eit planleggingsdokument som hjelper deg å setje personlege mål.Planen skal seie noko om korleis du kan oppnå desse måla.Du/dine pårørande deltar aktivt i å lage plana.Ein individuell plan skal ikkje erstatte behovet for detaljerte delplanar, som til dømes individuell utviklingsplan (IUP), individuell opplæringsplan (IOP), behandlingsplanar, treningsprogram med meir. Dei kan inngå som delar av den individuelle plana.Individuell plan gir ikkje større rett til tenester enn det som følgjer av regelverket elles.Kommuna har hovudansvaret for å utarbeida individuell plan, om du har tenester frå både kommuna og spesialisthelsetenesta. Det skal berre utarbeidast éin individuell plan.Retten til individuell plan finn du i pasient- og brukarrettslova § 2-5.Treng du ein koordinator for tenestene dine?Du kan få utnemnt ein koordinator. Koordinatoren skal sikre nødvendig oppfølging og samordne tenestetilbodet ditt. Koordinatoren skal og sikre framdrift i arbeidet med ein individuell plan, dersom du ynskjer det. Du kan velje å ha ein koordinator sjølv om du ikkje ynskjer å få utarbeidd ein individuell plan.Ein koordinator er ikkje ei ny teneste som utløyser fleire ressursar, men ei rolle som blir lagt til ein tenesteytar som allereie er inne i apparatet rundt deg.Slik søkjer duDu kan melde inn behov for individuell plan og koordinator slik: Slik søkjer du om helse- og meistringstenesterKlage på vedtak eller tenesteSlik klagar du på helse- og meistringstenesterAnsvarleg for tenesta: Tildelingskontoret Lom og Skjåk