Praktisk bistandPraktisk bistand omfattar hjelp til daglege, praktiske gjeremål i heimen og personleg stell. Hjelpa kan bli gitt både i og utanfor heimen.Kommunen kan tilby praktisk bistand dersom du på grunn av sjukdom, alder eller funksjonsnedsetting treng støtte til daglege, praktiske oppgåver du ikkje får til sjølv.Praktisk bistand kan også omfatte opplæring, slik at du i tillegg til personleg assistanse òg får hjelp til å meistre gjeremål i kvardagen.Døme på praktisk bistand kan vere:hjelp til å handle matvask av klede og bustadhjelp til eigenomsorg Kva tilbyr vi?Praktisk bistand i form av heimehjelpNaudsynt reinhaldReinhald av rom som er i dagleg bruk – støvturk, golvvask, støvsuging og vask av toalett/bad.Bistand til oppvaskBistand til vask av avtrekksvifte og til innvendig vask av kjøleskåp og mikrobølgeovn ved behovSengeskiftBistand til vask av kledeNaudsynt ærendBistand til å handle inn naudsynte matvarer og hygieneprodukt (bruk av konto i butikk)Praktisk bistand i form av miljøarbeidBidra til at brukar har eit nettverkBistand til arbeid, dagtilbod og fritidsaktivitetarBistand til planlegging og gjennomføring av daglege gjeremål ved bruk av t.d. dagsplanar eller vekeplanarBistand til å utføre forskjellige gjeremål som til dømes butikkærendKven kan få praktisk bistand?Du har rett til praktisk bistand dersom du er avhengig av hjelp til eigenomsorg eller til å klare gjeremål i kvardagen. Når du søker om tenesta, vil kommunen vurdere kva du kan gjere sjølv, og kva du treng hjelp til.Kva kostar det?Bistand til, og opplæring i, personleg stell og eigenomsorg er gratis. For annan praktisk bistand og anna opplæring betalar du ein eigenandel:Mottakar av heimehjelp betalar for tenester etter ei abonnementsordning. Eigenbetaling skal betalast etter husstanden si samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag. Den reelle inntekta skal leggjast til grunn dersom inntekta er vesentleg endra, dette må eventuelt dokumenterast av brukaren.Slik søkjer duDersom du har behov for praktisk bistand, kan du søke kommunen om dette. Du bør vere tydeleg og detaljert når du beskriv kva du treng hjelp til. Du bør òg beskrive årsaka til hjelpebehovet.Slik søkjer du om helse- og omsorgsteneNår du har søkt, har kommunen plikt til å gi deg ei skriftleg avgjerd (enkeltvedtak), enten du får innvilga praktisk bistand eller ikkje. Vedtaket skal grunngjevast og innehalde informasjon om klagerett og klagefrist.Dersom du er usikker på noko, ynskjer hjelp med søknaden eller treng meir informasjon, så kan du kontakt Lom og Skjåk tildelingskontor. Klage på vedtak eller tenesteDersom du ikkje er nøgd med vedtaket, kan du klage.Klaga sender du til kommunen, som skal vurdere saka på ny. Dersom kommunen ikkje tek klaga til følge, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.Det er pasient- og brukarombod i alle fylke. Du kan ta kontakt med pasient- og brukarombodet dersom du har behov for råd, rettleiing og informasjon om rettar som brukar eller pårørande.Slik klagar du på helse- og omsorgstenesterAnsvarleg for tenesta: Heimebasert omsorg (heimehjelp) / Tilrettelagte tenester (miljøarbeid) Sist endret 01.12.2025 09.03