Detaljregulering av Kulihaugen startar opp

Tysdag 3.oktober vedtok kommunestyret å løyve kr. 555 000 til å gjennomføre ei detaljregulering av bustadfeltet Kulihaugen.

Bustadtomta Kulihaugen - Klikk for stort bildeKulihaugen

Kulihaugen er eit område i sentrum av Lom som er tenkt som eit nytt og mangfaldig bustadområde. Gjennom innovasjonsprogrammet GNIST fekk Lom kommune i 2022 hjelp til å utvikle Kulihaugen.

Tilskot frå Husbanken

I juni 2023 fekk Lom kommune tilsagn på 800 000 kr frå Husbanken gjennom ordninga "Boligtilskudd i distriktet" til å vidareføre arbeidet med GNIST og Kulihaugen. Målsettinga med tilskotsordninga er å "utvikle nye samarbeidsformer og forsøk med nye boligkonsepter og virkemidler som bidrar til økt tilgang til egnede boliger i distriktskommuner". Tilskotet må nyttast før oktober 2024.

I vilkåra for ordninga står det at kommunane ikkje kan bruke tilskotet til "lovpålagte oppgåver", og derfor er det naudsynt at kommunen sjølv finansierar det lovpålagte arbeidet med å utarbeide ein reguleringsplan. Tilskotet frå Husbanken skal derfor gå til andre arbeidsoppgåver knytt til det vidare arbeidet med Kulihaugen. Strategibyrået Natural State har vore med i fyrste del av GNIST-prosjektet, og skal arbeide vidare med oppgåver knytt til innovasjon, samskapende prosess og formidling av resultater og utviklingen underveis.

Reguleringsplanarbeid

Det vart gjort ei intern vurdering på om kommunen sjølv hadde ressursar til å gjennomføre reguleringsplanarbeidet, men for å sikre rask oppstart og god framdrift i arbeidet vart det vurdert som mest fornuftig å innhente ekstern hjelp. Kommunen gjekk derfor ut med ei avgrensa tilbodsinnhenting frå følgjande leverandørar:

  • Norconsult AS
  • Mulitconsult AS
  • Nordplan AS
  • HZA Arkitekter AS
  • Asplan Viak AS

Det var tilbodet frå Asplan Viak AS som vart valt ut, og det er dei som no skal utforme ein reguleringsplan for Kulihaugen.

Vidare planprosess

Det er lagt til grunn at planforslag til fyrste gongs behandling skal ligge klart innan 15. april 2024, forutsett at det ikkje skjer noko uforutsett. Målet er å få lagt ut planforslaget til fyrste gongs høyring før sumarferien i 2024.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje

Anne Silje Berg
Tenesteleiar plan, byggesak og miljø
Telefon 905 83 658