Lom har fått kr. 800 000 i tilskot til bustadutvikling

Lom kommune er ein av dei heldige som har fått tilskot frå Husbanken si tilskotsordning knytt til bustadutvikling. 
Dette gjer at vi kan fortsette arbeidet som starta med GNIST i 2022. 

Bustadtomta Kulihaugen - Klikk for stort bildeKulihaugen

I 2022 deltok Lom i GNIST-programmet,  eit innovasjonsprogram for kommunar i heile landet som vil jobbe på nye måtar med berekraftig stads- og næringsutvikling, i regi av DOGA. 
Målsetting var å bidra til eit meir attraktivt og variert bustadtilbod i Lom, med utgangspunkt i den kommunale tomta Kulihaugen. Det kan du lese meir om her: 

I 2023 inngjekk Lom kommune ei avtale med designbyrået Natural State for å gå frå ord til handling. 
Grunnlaget frå det arbeidet resulterte i ein innvilga søknad frå Husbanken i juni 2023, der Lom er blant dei heldige som har fått tilskot frå ordninga "Boligtiltak i distriktene". Av 40 søknadar vart 14 av dei innvilga, deriblant Lom sin. 
Dette betyr at det gode samarbeidet med m.a. Natural State kan fortsette, og vi har fått sikra finansiering til å halde trykket oppe det neste året. Dette er viktig for å sikre at fokuset på involvering og nytenking held fram. 
Gratulerer også til vår nabokommune Skjåk, som har fått eit tilsvarande tilskot for å jobbe vidare med rekrutteringsbustadane sine. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje