Status prosjekt

I Lom er det i dag to pågåande breibandprosjekt: utbygging i Garmo-Storviksroe som er eit felles prosjekt med Vågå kommune, og Lia og omegn.

 

Vedlagt ligg statusrapport for fiberutbygginga i Lia, sjå vedlegg. (PDF, 2 MB)
Rapporten er frå juni. 
Presentasjonen gjeld for heile Nord-Gudbrandsdalen, så scroll deg ned til s. 8 - 9 for å sjå det som er relevant for Lom. 

Nyleg vart det gjennomført ei ope møte om fiberutbygginga som skal starte opp på strekka mellom Hesthaugen - Tessand, i tillegg til på Nord-Sandom. Referatet frå det møtet kan du lese her: 
Det kan vere greitt å orientere om at BraCom har vorte hovudentreprenør for HomeNet, i staden for Brunbjørn (som deltok på møtet). Dei vil ta kontakt med innbyggjarar og andre framover for å få på plass grunneigaravtaler og liknande. 
Desto raskare det kjem på plass, desto raskare kan dei starte med bygginga. 
Ny kontaktinformasjon etc. er å finne her:  (PDF, 2 MB)

bilde av fiberoptikk

Førre veka gjennomførte Lom kommune og HomeNet eit ope møte på Skogheim om fiberutbygginga som er planlagt på strekka frå Nord-Sandom og til og med Tessand. Fekk du ikkje tatt turen? Da kan du få ei oppsummering her. 

 

bilde av fiberoptikk

Onsdag kveld den 22. juni inviterer Lom kommune og HomeNet til eit grendamøte om fiberutbygging på strekket Nord-Sandom til og med deler av Tessand. Ta gjerne turen dersom du er interessert.  

 

Telenor har tidlegare sendt ut brev til ein del innbyggjarar på strekninga Garmo - Tessand om at eksisterande breiband gjennom kobbernettet vil bli avvikla 25. mai 2022. 
Vi har no fått bekrefta at dette er utsett inntil vidare, i fyrste omgang til 15. august i 2022. 

Tidligare i sommar vart det lagt ut utlysning for utbygging av breiband i fleire områder i Nord-Gudbrandsdalen. Lom kommune la ut eitt prosjekt saman med Vågå kommune. Området vert bygd ut med offentleg støtte frå stat, fylkeskommunen og kommunen saman med avgifta for tilkopling frå innbyggjarane. Avgifta er som i alle tidlegare breibandprosjekt på kr 10 000