Varsel om oppstart av planarbeid, områderegulering Lågkollen nærings- og industriområdeFormannskapet i Lom gjorde 10.06.2025 i sak PS 2025/ 38 vedtak om å starte opp arbeidet med områderegulering for Lågkollen nærings- og industriområde (planid. 34340014).Planområdet ligg øvst i Vårdalen i Garmo. Føremålet med reguleringsplanen er å etablere nytt nærings- og industriområde med tilhøyrande infrastruktur. Dette då det per i dag ikkje er att ledige næringstomter i eksisterande industrifelt i Prestøya/Gjeisarøya/Skjæsarøya. Planen skal utarbeidast av Felles plankontor forLom og Skjåk kommunar, og er tenkt endeleg handsama til sommaren 2026.Varsel om planoppstart omfattar følgjande dokument:VarselbrevSaksprotokollPlanprogramAdresselisteDesse dokumenta finn du nedst denne artikkelen.Planområdet er på om lag 253 daa, og området si avgrensing går fram av kartet under. Fleire kart, utfyllande informasjon og ei liste over kvaeigedomar som er omfatta av planarbeidet finn ein i vedlagde kopi av utsendt oppstartvarsel med tilhøyrande vedlegg. Lågkollen nærings- og industriområde. Planområdet er på omlag 253 daa.Ein kan komme med innspel til planarbeidet. Innspel kan sendast som brev til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom - eller på e-post til post@lom.kommune.no. Frist for innspel er sett til 28.09.2025.Spørsmål om reguleringsplanen kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar ved:Øyvind Pedersen, tlf. 47 33 36 78, e-post: oyvind.pedersen@lom.kommune.no ellerTherese Moe Øye, tlf. 94 49 87 88, e-post: therese.moe.oye@lom.kommune.no Varsel om oppstart av planarbeid Tittel Publisert Type Adresseliste.pdf Adresseliste 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Adresseliste.pdf Saksprotokoll oppstart La°gkollen.pdf Saksprotokoll oppstart Lågkollen 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Saksprotokoll oppstart Lågkollen.pdf Melding om oppstart av planarbeid for La°gkollen nærings- og industriomra°de - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf Varselbrev 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Melding om oppstart av planarbeid for Lågkollen nærings- og industriområde - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf RP La°gkollen Planprogram 20250807.pdf Planprogram 11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned RP Lågkollen Planprogram 20250807.pdf Publisert 11.08.2025 15.02
Status breibandsprosjekt i Lom kommune Vedlagt ligg oversikt over ulike breibandsprosjekta i Lom kommune.
Test av Nødvarsel Klokken 12 onsdag 12. juni 2024 testes Nødvarsel på mobil og Sivilforsvarets varslingsanlegg over hele Norge i en felles nasjonal varslingsprøve.
Årsmelding 2023 og rapport for 1. tertial 2024 Nå er årsmelding og årsrekneskap for 2023, samt rapportering for 1. tertial 2024 vedteke i kommunestyre.
Gjenopning av Liasanden rasteplass Torsdag 27. juni kl. 12.00 blir det gjenopning av Liasanden rasteplass!
Eigenberedskap - har du det du treng? Onsdag 29. mai blei dei nye eigenberedskapsråda lansert på www.sikkerhverdag.no
Sjå bilder og presentasjonar frå HEIM 2024 - bustadkveld (og dag) i Lom Den 22. mai handla det om bustadutvikling i Lom! Dersom du gjekk glipp av det eller vil sjå opp att noko - her finn du alle presentasjonane frå dagen ...