Her fylgjer ei omtale av ting som er greitt å hugse på ved planlegging av vigsel i Den Norske kyrkja. Sjå òg www.kirken.no
Her i kyrkjene i Lom ynskjer vi at vigslane skal vera så enkle som råd, da vi ikkje har dei same resursane som store kyrkjesokn har. Det er den kyrkjelege handlinga som skal stå i fokus i kyrkja denne dagen.
Dette er korleis vi organiserer vigsel i kyrkjene våre:
Datoar for vigsel vert lagt ut ca april året før, på nettside, facebook og i kyrkjeblad nr. 1. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å høyre om datoen dykk har tenkt er ledig, i fall heimesida ikkje er oppdatert. Fram til 1. oktober vil datoane vera reserverte for brurepar med bustadsadresse her i Lom, og for par med tilknyting. (Føresette med bustadsadresse i Lom)
Har vi ledige tidspunkt etter denne datoen, vil vi opne for brurepar utan tilhøyre i Lom.
Vi ynskjer å nytte tidspunkta 11:00, 13:00 og 15:00 for vigsel. MEN tidspunkta kan verte endra grunna tilgang til prest. Om dette vert endra, skjer dette ca rundt nyttår.
Merk at dato må avtalast med kyrkjekontoret fyrst av alt, da vi legg opp til vigselsdatoar etter kor tid vi har messefri. Da dei tilsette har fri i henhald til arbeidsmiljølova. Ikkje nokon av kyrkjene i Lom vert leigd ut til vigsel utan medvirking av kyrkjelege tilsette i Lom kyrkjelege råd.
Ledige datoar for vigsel i kyrkjene i Lom i 2026