Om Lom kommune

Lom kommune ligg i Ottadalen i Innlandet fylke og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane. Kommunen har sine nåverande grenser frå 1866, då Skjåk vart skilt ut som eigen kommune.

Administrerande senter i kommunen er Fossbergom, dette ligg 382 m.o.h.

Lokalavisa er Fjuken, som òg dekkjer dei to andre kommunane i Ottadalen, Skjåk og Vågå.

Lom sentrum, Fossbergom sett frå lufta. - Klikk for stort bildeFossbergom sett frå lufta. Ola Ø Rossehaug

Natur

Mesteparten av arealet i Lom er snaufjell og brear der over 90% av arealet ligg over 900 moh. Innan kommunen ligg meir enn halvparten av Jotunheimen nasjonalpark og båe dei to høgaste fjelltoppane i Noreg, Galdhøpiggen på 2469 moh. og Glittertind, som er fast fjell på 2452 moh. med ein isbre på toppen. Gjennom fjellområda i kommunen går to dalføre, Ottadalen og Bøverdalen. Desse to dalane møtest ved tettstaden Fossbergom,  382 meter over havet. Folk bur for det meste langsmed sørsida av Ottadalen. Andre busette område i kommunen er Lia, Garmo og Bøverdalen.

Fleire naturområde i Lom er verna, mellom andre delane av kommunen som ligg innanfor nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen, i tillegg til tre mindre naturreservat.

Næringsliv

Sjølv om Lom omfattar store fjellområde med lite dyrkbart areal, er jordbruket framleis viktigaste næringsveg. Gardane ligg gjerne 365–450 meter over havet. Klimaet er tørt, så vatning er nødvendig og har lang tradisjon (Lom har noregsrekorden for minst nedbør på eitt år – 130 millimeter, 1911). Det er som regel rikeleg med vatn i bekkar og elver frå fjellet. Avlingane av bygg, poteter og gras er ofte høgare enn landsgjennomsnittet, og husdyrhaldet er stort. Husdyra nyttar framleis ein del av fjellbeita, som også blir brukte av eit tamreinlag.

Lom er på grunn av sine mange verna vassdrag ein svært liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 47 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er to kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 123 meter.

Turisme er og ei viktig næring for Lom og vi har stort besøk av turistar, ofte med Jotunheimen som mål. 

Samferdsel

Dei viktigaste ferdselsårane gjennom Lom er Rv15 (heilårsvegen Otta-Måløy over Strynefjell) og Fv55 (Sognefjellsvegen) frå Fossbergom gjennom Bøverdalen og Leirdalen gjennom Leikanger til Vadheim i Høyanger. Det er òg samband med ekspressbuss til m.a. Bergen, Trondheim og Oslo.

Kultur

Lom har fleire kulturminne som kan vere spennande å oppsøkje. Under har vi nemnt noko, men ynskjer du fleire tips om museum og kulturminne kan du gå til Visit Jotunheimen si nettside.

Lom stavkyrkje vart bygd på 1100-talet og er ein av dei største stavkyrkjene i landet. 
Gamle Garmo kyrkje, som vart bygd i 1021, vart riven i 1880, og reist opp att på Maihaugen i Lillehammer som del av De Sandvigske samlinger.

Fossheim steinsenter finn du samlingar av stein frå heile verda, særleg mange mineral frå Jotunheimen.
Norsk fjellsenter er autorisert besøkssenter for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar. Her kan du få tips om turar som passar for deg og ditt turfølgje, og informasjon om dyreliv og vekster i nasjonalparkane. I tillegg kan du mellom anna kan du sjå utstillingar og besøke minivitensenteret Fjellviten, samt delta på vikingfredag og rebusløp. 

I Presthaugen (Lom bygdemuseum) finn du 21 tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet; samt det som kan vere Noreg sitt største stabbur.

Diktaren Tor Jonsson vaks opp i Andvordsjordet i Lom, og staden kan du sjå ved å følgje fotturen mot Bordvassvegen. Tor Jonsson-stugu ser du rett etter du har teke av frå riksvegen. 

Det er og mykje som tyder på at Knut Hamsun vart fødd i Garmo i Lom kommune. Ein minnestein er reist ved Hamsunstugu i Garmo.

Kvart år vert litteraturfestivalen Diktardagar arrangert.

Kommuneblome

Kommuneblomen for Lom er Issoleie (Ranunculus glacialis)

Kjelde: wikipedia.orgsnl.no/Lom 

Kontakt

Lom Kommune
Telefon 61 21 73 00

Sognefjellsvegen 6

2686 LOM

 

Orgnr.: 959377677

 

  • Kommunenr. 3434 
  • Fylke: Innlandet
  • Areal: 1969 km2
    • Land: 1900 km2
    • Vatn: 69 km2
  • Folketal: 2215 (3. kvartal 2023)