Velkomen til Lom nasjonalparklandsby


Norsk fjellsenter//Kristoffer ThuestadVelkomen til Lom - ei fjellbygd og ein innfallsport til tre nasjonalparkar; Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

Her blir du møtt av høge fjell, eit triveleg og kompakt sentrum, og raude og gule blomar om sommaren.  

I Lom ynskjer vi å gje deg eit breitt spekter av opplevingar. Vi ynskjer at du skal kunne nyte fjella og nasjonalparkane kombinert med spennande aktivitetar, god mat og drikke, og ei god seng. 

Fotturar frå Lom nasjonalparklandsby 

Frå nasjonalparklandsbyen kan du gå stutte og lengre fotturar - i både bratt og snilt terreng. Glytt på fotturkarta våre, så finn du nok noko som kan freiste deg og ditt reisefølgje. Desse karta finn du og (gratis) på ulike punkt i Lom sentrum, til dømes ved Vassvaglen midt i sentrum. Nokre av turane er og lagt ut på www.ut.no. Turane er merka frå Lom sentrum.   

Nasjonalparkinformasjon

Lurar du på noko om nasjonalparkane? Da kan du ta deg ein tur til Norsk fjellsenter - besøkssenter for Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Norsk fjellsenter vart i 2019 nominert til årets museum og er ei oppleving for både små og store. Her kan du lære meir om nasjonalparkane, forme ditt eige landskap, ta ein tur i tåka i verrommet og sjå gamle skattar som har smelta fram i isen i fjella. 

Fjellopplevingar med guide

Vi har fleire lokalkjende og dyktige guidar som gjerne tek deg med på stutte og lange turar, klatring og breturar, randoturar, fjellskiturar og fotturar. Du finn meir informasjon om dei på Visit Jotunheimen si nettside

Mat og drikke 

I Lom finn du mange serveringstadar, og du finn alt i frå husmannskost og gastronomi i verdsklasse  - til kafear med smørbrød, bollar og smårettar. Her kan du eta eit lengre måltid med fleire rettar eller ta eit smørbrød i handa på veg til fjells. 

Overnatting

Heilt sidan 1800-talet har vi teke imot ferdafolk i Lom. Og du finn både gamle og tradisjonsrike turisthytter og hotell, og nye og moderne overnattingsplassar. Du finn campingplassar, hytter og teltplassar. Kanskje er ei lita bu til fjells akkurat det du treng nå? Meir informasjon finn du sjå Visit Jotunheimen

Opplevingar og aktivitetar

Ynskjer du å gjere noko anna enn å gå på tur ein dag? Hoppe på gyrotrampoline, spele minigolf eller diskgolf, besøke steinsenter, padle kajakk, dra på kunstutstilling, sykle eller kanskje berre slappe av i sola? Du finn eit breitt utval av aktivitetar og opplevingar sjå Visit Jotunheimen.  

 

Er det noko meir du lurar på kring opplevingar, turar sommar som vinter, overnatting eller mat? Da er Visit Jotunheimen dei rette å kontakte: 
Nettside: www.visitjotunheimen.no 
E-post: info@visitjotunheimen.no 
Telefon: 61 21 29 90