Fottur- og sykkelkart Lom

Fotturar i Bøverdalen - Klikk for stort bildeFotturar i Bøverdalen Johan Wildhagen

Nedafor finn du ulike kart du kan laste ned: 

Fotturar med Lom nasjonalparklandsby som utgangspunkt

Frå Lom sentrum kan du gå mange flotte fotturar. 
Karta under finn du og på norsk, engelsk og tysk på ulike punkt i Lom sentrum, til dømes på Norsk fjellsenter og turistinformasjonen. (Med atterhald om tilstrekkeleg opptrykk.) 
Karta er oppdatert i 2023: 

Ein del av turane finn du og på www.ut.no. Lenka sender deg direkte til turane, alternativt kan du søkje på Lom nasjonalparklandsby.

Fotturar i Bøverdalen: 

Nedafor finn du turkart for Bøverdalen. Dette vart laga i 2010 og merkinga kan vere av varierande standard, så spør gjerne overnattingsbedriftene i området om tilrådingar før du legg ut på tur. 

Fotturar i Garmo: 

Turstigane i Garmo finn du ved å følgje følgande lenke: www.ut.no.

Sykling i Lom

I 2013 vart det laga ei sykkelbrosjyre med forslag til fire sykkelturar i Lom.
Dette kartet er tilgjengeleg på norsk og engelsk. Desse turane er ikkje merka.  

Ynskjer du å sykle Panorama Ottdalen, ein sykkelveg frå Lom til Otta, finn du meir informasjon om denne på Lommekjent: http://www.lommekjent.no/turer/946471
Denne turen er merka. 

Fisking i Lom nasjonalparklandsby

For fleire år sidan vart det laga ei brosjyre om fisking i nærleiken av Lom sentrum. 
Du kan skrive den ut i PDF-format her, men ver klar over at informasjonen kan vere utdatert: 

Fisking i Lom nasjonalparklandsby (PDF, 6 MB)

Sjekk elles ut heimesida www.inatur.no for meir informasjon om fisketilbod, jakt, hytter til leige m.m.

Gode tips før turen: 

GOD TUR!