FrisklivssentralenFrisklivssentralen Lom og Skjåk er eit helsefremjande og førebyggjande tilbod for deg som bur i Lom og Skjåk. Frisklivssentralen er for personar i alle aldre, som har auka risiko for, eller som allereie har utvikla sjukdom og som ynskjer hjelp til å endre levevaner og meistre helseutfordringar. Vi tilbyr individuell oppfylging over 12-veker for støtte til endring av levevaner og meistring av helseplåger. I tillegg tilbyr vi gruppetreninger og kurs, som er ope for alle.Frisklivssentralen har tilbod både i Lom og Skjåk. Korleis nytte seg av tilbodet Fastlege, NAV, psykisk helse eller andre kan tilvise til Frisklivssentralen. Du kan og sjølv ta kontakt på eige initiativ. Sjå kontaktinformasjon under. Fyll gjerne ut frisklivsresepten (DOCX, 238 kB) ved ynskje om 12-vekers oppfylging, og ta med denne. For deltaking på gruppetimer eller kurs sjå eige beskriving av korleis du melder deg på. Gruppetreninger og kurs vil bli annonsert på Friskus. Oversikt over aktivitetar (timeplan)Last ned timeplanen (PDF, 344 kB)Timeplan oppdatert 09.09.2025. Ynskjer du å delta på open sal utan tilvising kan du betale ein eigenandel på 250,- i månaden. Da får du både tilgang og hjelp til å kome i gang med trening. Andre tilbodI tillegg til aktivitetane på timeplanen vil det i løpet av hausten bli arrangert foredrag om ulike tema: Mat og helseSøvnTrening og aktivitetVi kjem attende med datoer for desse samlingane. Tilvisarar vil få e-post om dette. I tillegg blir arrangement annonsert i Friskus. Informasjon om gruppetimane i timeplanenStavgang intervall: Oppmøte ved scena i Presthaugen i Lom. Treninga består av oppvarming, ein hovuddel med intervall og ei nedvarming. Vi går så attende til scena og har ei økt med styrkje og balanse. Både intensitetsnivå i intervall og vanskelegheitsgrad i styrkje/balanse vil kunne tilpassast den enkelte. “Ro”: Oppmøte på aktivitetsrommet 2. etasje i Skjåkhallen. Eit avbrekk i kvardagen. I denne timen vil vi fokusere på å finne roa gjennom avspenning og pusten. Timen varer i 45 min. Frisklivsbasseng: Bassengtrening med høg intensitet, fokus på styrkje og kondisjon. Garderobene opnar 13:00. Timen varer i 45 min. Diktartrim: Oppmøte ved inngangen til Skjåkhallen. Vi går langs med flaumvollen i Bismo. Ved kvar benk er det beskrive øvinger, som vi gjennomfører. Ta gjerne med staver. Timen varer i 45 min. Aktiv saman: Sosial samling og sirkeltrening med fysioterapeut. Trening med fokus på balanse og styrke. Sosialt samvær med enkelt lunsj på Lom friviljugsentral etter treninga. På sumarhalvåret foregår treninga i Presthaugen. På vinterhalvåret foregår treninga i Steinfjoset. Open sal: Open sal er eit tilbod på Skjåk treningssenter for deg som ynskjer å koma i gang med treninga. Dersom du ikkje har frisklivsresept kan du betale ein eigenandel på 250,- per mnd. for å nytte treningssalen 09-10:30 måndag-fredag. Tysdag og onsdag vil det vera tilstade instruktør som kan hjelpe med å lage treningsprogram og gjeva treningsvegleiing. Ynskjer du å delta på open sal utan tilvising kan du betale ein eigenandel på 250,- i månaden. Da får du både tilgang og hjelp til å kome i gang med trening. Sist endret 10.09.2025 10.12