I Alumni har Vegar Vårdal samla fire tidlegare studentar: Bjørn Kåre Odde, Sigrid Stubsveen, Sivert Holmen og Ingrid Lingaas Fossum. Kvar av dei har gjeve han ei musikalsk utfordring, og han har utfordra dei.
Gjennom året har dei arbeidd fram musikk dei sjølv ikkje hadde tenkt dei skulle lage. Men utanfor komfortsona ligg det mykje spennande, vakkert og uoppdaga. Besetninga varierer frå solo-stykker til full kvintett, med diverse feler, langeleik og song.
I 2025 markerer Vegar Vårdal 30 år som pedagog. Same år som han starta på kandidatstudiet på musikkhøgskolen fekk han sin fyrste elev, og sidan har han undervist studentar både på Norges Musikkhøgskole, på Ole Bull Akademiet, landslina i folkemusikk på Vinstra vgs. og ved fleire nordiske institusjonar. Alumni er hans måte å markere dette på.
Tid: Torsdag 8. mai kl. 19:30.
Stad: Garmo bygdahus, Eklevegen 2, 2685 Garmo i Lom.
Artist: Vegar Vårdal (feler, piano), Bjørn Kåre Odde (feler), Sigrid Stubsveen (feler), Sivert Holmen (feler) og Ingrid Lingaas Fossum (langeleik, song).
Ungdomsartist: Lom juniorspelmannslag.
Billettar: Kr. 200,-/100,-/0,- kjøpast via Tikkio eller i døra.
Alumni kjem ut som album 2. mai på det Vågå-baserte plateselskapet Melovitten, og konserten er del av platesleppturneen.
