Nå kan du ha UngINN-kortet på mobil

UngINN lanserer nå eit digitalt kort som du kan bruke på lik line med det fysiske UngINN-kortet ditt. 

Medan vi ventar på ein app for UngINN, er det laga ein digital versjon i tillegg til det fysiske kortet. 

Har du ikkje bestilt UngINN-kortet?

Før du lastar ned det digitale kortet, må du bestille UngINN på Innlandet fylkeskommune si nettside. 

Kvar finn du det digitale kortet?

Har du det fysiske UngINN-kortet frå før? Da kan du laste ned ditt digitale UngINN-kort på eigen mobiltelefon.

Hugs å vise legitimasjon når du brukar UngINN-rabatten.   

Du kan framleis også bruke dei blå kulturkorta med logoen til Hedmark eller Innlandet fylkeskommune. 

Vi håpar du får mange gode kulturopplevingar med UngINN.

Sjå alle stadar du får UngINN-rabatt her