KoronavirusetGjeldande tilrådingar Hald deg heime om du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom. Du treng ikkje å halde deg heime i 4 døgn. Kontakt lege om du har behov for helsehjelp. Du treng ikkje å teste deg med sjølvtest. Om du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halde deg heime om du føler deg sjuk. Du treng heller ikkje registrere positive sjølvtestar hjå kommunen. Det er eigne tilrådingar for dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19. Les meir om råd og informasjon til risikogrupper og pårørande (fhi.no). Les meir om kva du gjer ved nyoppståtte luftvegssymptom (fhi.no). Sjølvtestar vil framleis vere tilgjengeleg I ein overgangsperiode vil det vere tilgjengeleg sjølvtestar for dei som likevel ynskjer å teste seg. Råda ved positiv test er dei same; hald deg heime om du føler deg sjuk. Sjølvtestar kan hentast på legekontoret i opningstida. Har du spørsmål i samband med koronaviruset, ta kontakt med Lom legekontor: 61 21 72 00 Publisert 04.03.2020 15.39 Sist endret 06.01.2023 13.32