Koronaviruset

For å oppnå god smittekontroll og unngå spreiing er det viktig at alle innbyggarar følger råd og retningsliner frå myndigheitene. 

Dersom du lurar på noko meir enn det som står her, kan du ringe smittetelefonen 815 55 015, eller sjå på Folkehelseinstituttet si heimeside

Innbyggjarar i Lom kommune som har spørsmål kan ringe beredskapstelefonen i Lom: 481 65 519.  
Kvardagar: 09:00-15:00 

Ved mistanke om smitte, ring fastlegekontoret: 61 21 72 00
Kvardagar: 08:00-11:30 (måndagar frå kl 09.00) 12:30-15:00

Utanom opningstider, ring legevakt 116117

Kontakttelefon for dei UNDER 18 år: 

Er du under 18 år og opplever bekymring, angst, sorg, stress eller noko anna?
Ring 480 77 480
Opningstid: Kvardagar 10:00-20:00, helgar 12:00-17:00
Opningstider i påska: 14.00-17.00 alle dagar frå 06.04 – 13.04.2020.

  Fysioterapisalen vil bli stengt for eigentrening og gruppetrening. Vi yter fysioterapi for dei med akutt behov og nyopererte. Individuell oppfølging vil om mogleg bli gjennomført over telefon.

Dette gjeld til det kjem anna beskjed.

Det er ikkje tillat å kome til fysioterapiavdelinga utan avtale, ring på førehand tlf. 48165520.

 

Lom og Skjåk tildelingskontor har frå 12. mars 2020 innført tiltak for å høyne vår innsats i arbeidet mot Covid-19.

  • Vi stenger kontoret for alle publikumshenvendingar. All henvending skal skje på telefon.
  • Vi tek fortrinnsvis berre møter med pasientar, pårørande og anna helsepersonell på telefon eller skype.
  • Saksbehandlingstid må påreknast å forlengast utover 4 veker. Vi vil sende ut individuelle førebels svar, og gjere individuelle vurderingar av alle sakar. Hastesakar blir prioritert.

Sjå Skjåk kommune si heimeside for oppdatert informasjon og kontaktinformasjon.

Lom kommune viser til Helsedirektoratet sine tilrådingar
Ovanfor finn dykk lenkjer til nyttige sider med oppdatert informasjon.  
Alle spørsmål frå næringslivet knytt til koronautbrotet skal sendast til næringssjef i Lom kommune, Åshild M. Amundsen.  

Kriseledelsen i Lom kommune har bestemt at Midtgard blir stengt for publikum.
Du kan ringe eller sende e-post som vanleg. 

Utgard fleirbrukshus er stengt. 

Nord-Gudbrandsdal videaregåande skule avdeling Otta blir stengt frå og med i morgon tidleg (torsdag 12. mars). I fyrste omgang ut neste veke, til og med fredag 20. mars.

Årsaken er at eit stort antall elevar og lærarar er sett i karantene fordi dei kan ha hatt kontakt med personar som er smitta av koronaviruset. www.innlandetfylke.no

Med bakgrunn i oppfordring frå Fylkesmannen i Innlandet per i dag, og i utviklinga av koronasmitta i Sel, kjem kommuneoverlegen i Lom med en sterk oppmoding til våre innbyggjarar om å ikkje dra til Sel kommune om det ikkje er strengt nødvendig. Føremålet er å unngå smittespreiing.

Kommuneoverlegen oppfordrar på generell basis at innbyggarar unngår kontakt over kommunegrensa som ikkje er strengt nødvendig.

Koronaviruset – melding frå Lom Friviljugsentral:

Styret i Lom Friviljugsentral har bestemt å stengje sentralen inntil vidare. Dette for å beskytte mot event. Koronasmitte. Dagleg leiar Ella Hoel er tilgjengeleg på mail og telefon: ella.hoel@lom.kommune.no  tlf.:996 938 47.

Vi kjem tilbake til tidspunkt for oppstart av aktivitetane så snart som råd. 

Helseheimen er stengt for besøkjande
Helseheimen tek kun imot nødvendige besøk framover. 
Dersom ein meiner at besøk er nødvendig, må ein gjere avtale ved å ringe
vakttelefon (488 96 477) fyrst. 

Innstiller alle arrangement
Pleie og omsorg innstiller alle arrangement og all aktivitet frå friviljuge ved Lom helseheim inntil vidare. Aktivitetstilbodet Aktive saman blir og utsett inntil vidare. Dette gjeld både gruppeaktiviteten i Kultursalen, og lunsjen som foregår på Lom helseheim. 

Det er stort behov for å førebygge smittespreiing. 
Lom kommune oppmodar derfor til at alle lystarrangement (som til dømes: konsertar, kino, gebursdagar) som samlar fleire enn 50 personar blir avlyst i 2 veker, f.o.m. 9. mars. 

Treninga er dessverre avlyst inntil vidare, f.o.m 16. mars. Dette med bakgrunn i at Skjåkhallen held stengt som tiltak for å hindre smittespreiing av koronavirus. 

 

 

Treninga er retta mot dei som har ledd- og muskelplagar.

Opningstider

Har du spørsmål om det nye koronaviruset?

Har du generelle spørsmål og du ikkje finn svar på fhi.no, ring smittetelefonen: 
815 55 015.

Innbyggjarar i Lom som har spørsmål om Koronaviruset kan ringe beredskapstelefonen:
481 65 519

Opningstid:
Kvardagar frå 09:00-15:00.

 

Har du mistanke om at du er smitta?

RING fastlegen din eller legevakt. Legen vil vurdere vidare tiltak. Det er viktig at ein ikkje møter opp direkte på legekontor/legevakt da det kan føre til smittespreiing blant sårbare grupper. 

Lom legekontor: 61 21 72 00
Legevakt: 116117

 

Klikk for stort bilde