Koronaviruset

For å oppnå god smittekontroll og unngå spreiing er det viktig at alle innbyggarar følger råd og retningsliner frå myndigheitene. 

Dersom du lurar på noko meir enn det som står her, kan du ringe smittetelefonen 815 55 015, eller sjå på Folkehelseinstituttet si heimeside

Innbyggjarar i Lom kommune som har spørsmål kan ringe beredskapstelefonen i Lom: 481 65 519.  
Kvardagar: 09:00-15:00 

Ved mistanke om smitte, ring fastlegekontoret: 61 21 72 00
Kvardagar: 08:00-11:30 (måndagar frå kl 09.00) 12:30-15:00

Utanom opningstider, ring legevakt 116117

Kontakttelefon for dei UNDER 18 år: 

Er du under 18 år og opplever bekymring, angst, sorg, stress eller noko anna?
Ring 480 77 480
Opningstid: Kvardagar 10:00-20:00, helgar 12:00-17:00

Helseheimen er stengt for besøkjande
Helseheimen tek kun imot nødvendige besøk framover. 
Dersom ein meiner at besøk er nødvendig, må ein gjere avtale ved å ringe
vakttelefon (488 96 477) fyrst. 

Innstiller alle arrangement
Pleie og omsorg innstiller alle arrangement og all aktivitet frå friviljuge ved Lom helseheim inntil vidare. Aktivitetstilbodet Aktive saman blir og utsett inntil vidare. Dette gjeld både gruppeaktiviteten i Kultursalen, og lunsjen som foregår på Lom helseheim. 

Det er stort behov for å førebygge smittespreiing. 
Lom kommune oppmodar derfor til at alle lystarrangement (som til dømes: konsertar, kino, gebursdagar) som samlar fleire enn 50 personar blir avlyst i 2 veker, f.o.m. 9. mars. 

Treninga er dessverre avlyst inntil vidare, f.o.m 16. mars. Dette med bakgrunn i at Skjåkhallen held stengt som tiltak for å hindre smittespreiing av koronavirus. 

 

 

Treninga er retta mot dei som har ledd- og muskelplagar.

Lurar du på korleis du skal førebyggje smitte? Eller kva du skal gjere som reisande? 
Vidare finn du litt informasjon og råd.
Ynskjer du å vite meir om koronaviruset, kan du gå inn på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Opningstider

Har du spørsmål om det nye koronaviruset?

Har du generelle spørsmål og du ikkje finn svar på fhi.no, ring smittetelefonen: 
815 55 015.

Innbyggjarar i Lom som har spørsmål om Koronaviruset kan ringe beredskapstelefonen:
481 65 519

Opningstid:
Kvardagar frå 09:00-15:00.

 

Har du mistanke om at du er smitta?

RING fastlegen din eller legevakt. Legen vil vurdere vidare tiltak. Det er viktig at ein ikkje møter opp direkte på legekontor/legevakt da det kan føre til smittespreiing blant sårbare grupper. 

Lom legekontor: 61 21 72 00
Legevakt: 116117

 

Klikk for stort bilde