Koronaviruset

For å oppnå god smittekontroll og unngå spreiing er det viktig at alle innbyggjarar følgjer råd og retningsliner frå myndigheitene, sjå Folkehelseinstituttet og Helsenorge

Innbyggjarar i Lom oppmodast til å skaffe seg informasjon og svar på spørsmål kring koronaviruset på desse nettsidene.

Finn du ikkje svar på det du lurar på, kan du ringe:
Informasjonstelefon koronavirus: 815 55 015, kvardagar 08:00-15:30 
Beredskapstelefon i Lom (for innbyggjarar): 481 65 519, kvardagar 09:00-15:00. 

Ved mistanke om smitte, ring beredskapstelefonen: 481 65 519
Utanom opningstider, ring legevakt 116 117

Kontakttelefon for dei UNDER 18 år: 

Er du under 18 år og opplever bekymring, angst, sorg, stress eller noko anna?
Ring 480 77 480
Opningstid: Kvardagar 10:00-20:00, helgar 12:00-17:00
 

Andre nyttige telefonnummer 

Helseheimen er stengt for besøkjande
Helseheimen tek kun imot nødvendige besøk framover. 
Dersom ein meiner at besøk er nødvendig, må ein gjere avtale ved å ringe
vakttelefon (488 96 477) fyrst. 

Innstiller alle arrangement
Pleie og omsorg innstiller alle arrangement og all aktivitet frå friviljuge ved Lom helseheim inntil vidare. Aktivitetstilbodet Aktive saman blir og utsett inntil vidare. Dette gjeld både gruppeaktiviteten i Kultursalen, og lunsjen som foregår på Lom helseheim. 

Lurar du på korleis du skal førebyggje smitte? Eller kva du skal gjere som reisande? 
Vidare finn du litt informasjon og råd.
Ynskjer du å vite meir om koronaviruset, kan du gå inn på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Opningstider

Har du spørsmål om koronaviruset?

Har du generelle spørsmål og du ikkje finn svar på fhi.no, ring smittetelefonen: 
815 55 015.

Innbyggjarar i Lom som har spørsmål om Koronaviruset kan ringe beredskapstelefonen:
481 65 519 (kvardagar 09:00-15:00)

 

Har du symptom?

RING beredskapstelefonen 481 65 519. Det er viktig at ein ikkje møter opp direkte på legekontor/legevakt da det kan føre til smittespreiing blant sårbare grupper. 

Lom legekontor: 61 21 72 00
Legevakt: 116117

 

Klikk for stort bilde