Koronavaksinasjon

Klikk for stort bilde www.fhi.no På denne sida finn du informasjon om koronavaksinasjonen.

Finn du ikkje svar på det du lurar på her, kan du sende ein e-post til vaksinasjon@lom.kommune.no

Lurar du på kor mange som har fått vaksine i Lom? Sjå Status i Lom

Vaksinasjon

Legemiddelverket har motteke meldingar om blodpropp og blødingar sjå yngre etter vaksinering med AstraZeneca-vaksinen.

Artikkelen er henta frå FHI.

Vaksinasjonen er i full gang i Lom, og mange lurar på når det er sin tur. Dessverre klarar vi ikkje å svare heilt konkret på dette. Vi veit ikkje kor mange vaksinar som kjem kvar veke, og det er ikkje alltid vi veit kva tid dei kjem.

Nå har vi endeleg starta med vaksinasjon i Utgard, og torsdag 4. februar var det personar over 85 år som stod for tur.

Til deg som er innbyggjar i Lom kommune

Styresmaktene har bestemt at kommunane skal tilby innbyggjarane vaksinasjon mot koronaviruset, etter ei fastsett prioritering for kven som skal ha vaksinen når.

 

Koronavaksinasjonen i Lom starta onsdag 6. januar. Dei fyrste vekene vil det vere dei høgst prioriterte gruppene som får vaksine.