Koronasertifikat

Koronasertifikatet viser om du er vaksinert, om du er immun etter å ha hatt covid-19-sjukdom og resultatet viss du har negativ koronatest.

Koronasertifikat er tilgjengeleg på helsenorge.no for alle innbyggjarar med fødselsnummer eller d-nummer. Ein må ha Bank-ID, Bank-ID på mobil eller tilsvarande får å logge seg på helsenorge.no. Her vil du finne oppdaterte koronasertifikat, basert på vaksinar du har fått, gjennomgått koronasjukdom og koronatester du har teke hjå helsepersonell. Du kan også skrive ut koronasertifikata dine om du ynskjer å ha dei i papirversjon, men dette er ikkje naudsynt. Vi tilrådar at alle som kan bruke helsenorge.no gjer det.

Personar som ikkje sjølv kan logge inn på Helsenorge kan ta kontakt med Helfo per telefon eller brev, for å få utskrift av koronasertifikat basert på vaksine og/eller gjennomgått sjukdom.

Du vil få utskrift av koronasertifikata tilsendt i posten. Det er derfor viktig å bestille koronasertifikata i god tid før du treng dei. Framgangsmåte for å bestille koronasertifikat frå Helfo finn du her.

Treng du hjelp til å få utskrift av ditt koronasertifikat?

Personar som ikkje sjølv kan logge inn på Helsenorge kan få bistand til utskrift av koronasertifikat.

For at du skal kunne få utskrift av koronasertifikat basert på negativ test frå kommunen, må du fyrst ha teke ein hurtigtest eller PCR-test utført av helsepersonell ved kommunens teststasjon.

Framgangsmåte for utskrift av koronasertifikat i Lom kommune

Ved behov for bistand til å ta utskrift av koronasertifikat, og testing i samband med det, kan du ta kontakt med Lom legekontor på telefon 61 21 72 00, eller til koronatelefonen 48 16 55 19 for å gjere ei avtale.

Opningstid skranke:

08.00-11.30

12.00-15.30

Telefontid for resepsjonen:

08.00-11.30 (Måndagar frå 09.00)

12.30-15.00

Hugs å ta med legitimasjon.