På bakgrunn av krisesituasjonen rundt Covid-19, valde administrasjonssjefen 18.03.20 å konstituere tre kommunalsjefar i overordna leiing. Tiltaket vart gjort for å sikre kontinuiteten i kriseleiinga, og for å sikre dagleg drift til beste for dei tilsette og innbyggjarane i Lom.
Krisesituasjonen rundt Covid-19 har hatt ei varigheit som kommunen ikkje har handtert tidlegare i fredstid, og dette aktualiserte at det var behov for å etablere og utføre leiing på andre måtar enn tidlegare. Erfaringa rundt etablering av ei overordna leiargruppe, er svært god. Tilbakemelding frå tenesteleiarane er eintydig i at dette har vore avlastande for dei, og at det har bidrege positivt med auka kapasitet på tenesteområda. Overordna leiargruppe, har gjort det mogleg å handtere krisesituasjonen over tid, samhandle lokalt, regionalt og statleg, og i tillegg fylgje opp politiske vedtak.
Alle tenesteområda har eiga tenesteleiar, og dei har delegert personal- og økonomiansvar. Gjennom 2020 har det vore eit prioritert arbeid å tydeleggjera desse rollene med fokus på deira mynde.
Administrasjonssjefen legg til grunn at organisasjonen må vera dynamisk. Dette betyr at det er oppgåvene som er førande, og at strukturen må bidra til å løyse oppgåvene. Det er derfor avgjerande at administrasjonssjefen har handlingsrom til å organisere administrasjonen, slik at strukturen er tenleg for oppgåvene.