eDialog

Norddalskommunane, har teke i bruk eDialog. Med den kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk, sjølv om dei er unnateke offentlegheit.

Vi oppmodar til bruk av eDialog

Epost er ikkje ein sikker kanal for å sende frå seg informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, epost kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ønskjer å nå fram til kan vere borte over tid. Vi vil difor oppmode alle om å bruke eDialog når dei skal sende noko til kommunen, også når det ikkje er unnateke offentlegheit.

eDialog sender informasjonen kryptert og er såleis langt sikrare enn vanleg epost.

Framgangsmåte

Klikk her for å sende oss noko via eDialog

Deretter må du autentisere deg sjølv, anten med ID-porten, bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides. Når du er logga på, fyller du ut skjemaet og legg ved eventuelle vedlegg som pdf-filer. 

Utfylling av skjema

Kryss fyrst av om du er privatperson eller sender som firma 

Alle obligatoriske felt er merka med * 

I tittelfeltet er det til hjelp om du set på saksnummer, om du sender inn noko i samband med ei pågåande sak - eksempelvis 90/17. 

Skriv utfyllande kommentar knytt til sendinga. Om du sender med vedlegg, vil det du skriv i kommentarfeltet bli lagt inn som vedlegg i sak- og arkivsystemet vårt. 

Når du klikkar på 'Send forsendelse' blir brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet vårt 

Du får ei kvittering med referansenummer på epost

NB!

Du skal ikkje bruke eDialog om vi har elektroniske skjema til føremålet, t.d. søknad om plass i barnehage, SFO, søknad på stilling m.m. Sjå oversikt over alle våre elektroniske skjema her

Kontakt

Trond Byre-Haakensen
Konstituert kommunedirektør og kommunalsjef samfunnsutvikling og kultur
Mobil 934 29 318