Viktig melding

Lom kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til lom.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Lom? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!

RAYVN

RAYVN er ein digital plattform som blir brukt av kommunen for å handtere kritiske situasjonar effektivt. 

Logg inn i RAYVN

RAYVN sin logo - Klikk for stort bilde

Plattformen gjer det mogleg å koordinere responsteam, kommunisere i sanntid og dokumentere hendinga. 

Hovudfunksjonar i RAYVN:

  1. Sanntidskommunikasjon: Legg til rette for rask deling av informasjon mellom teammedlemmar og leiinga.
  2. Hendingslogg: Dokumenterer alle tiltak og avgjerder, som gjev ei komplett oversikt over hendinga.
  3. Varsling: Sender ut varsel til relevante personar via SMS, e-post og push-varsel.
  4. Ressurskoordinering: Hjelp til med å tildele oppgåver og overvake gjennomføringa.
  5. Rapportering og evaluering: Gjev høve til å lage rapportar for analyse og forbetring av beredskapsplanar.