Klubben i Lom

Klubben i Lom er ein møteplass for ungdom frå 8.klasse og opp til vidaregåande skule. Lokalet ligg i same bygg som friviljugsentralen i 2. etasje i Losjihuset.

Klubben er eit gratis lågterskeltilbod med fokus på å tilby ungdomane aktivitetar med trygge rammer og tilgjengelege vaksenpersoner. Alle arrangement er rusfrie.

Klubben har fokus på å gje ungdommen tillitt til å oppføre seg bra mot kvarandre, og ta vare på inventar og utstyr i lokalet på ein god måte.

Kva kan du gjere på klubb?

  • Henge med vener, det er gratis WIFI i bygget!
  • Våren 2023 - Gamingrom + konsoller og VR.
  • Spele bordtennis.
  • Høyre på musikk!
  • Prosjektor med lerrett til å sjå på youtube, film, fotballkamp osv.
  • Utlån av sendeplater til diskgolf, fotball, basketball og volleyball.

Klubbcrew - for ungdom

Klubbcrewet møtest jamleg, og er ein stad der ungdomane kan vere med å påverke korleis klubben skal utvikle seg, stemme over innkjøp av utstyr, forslag til aktivitetar og tilbod til ungdom.

Med "TRYGT HEIM-ordninga" får du som ungdom i Innlandet kome deg heim om natta i helgane, ved hjelp av offentleg transportmiddel. 

Kontakt

Oscar Amundrød
Ungdomskonsulent
Mobil 980 39 180

Opningstider

Alle arrangement følgjer skuleruta.

Opningstid etter skuletid:

Måndag: Afterschool
Tysdag: Afterschool 
Torsdag: Ungdomskafé på biblioteket

Klubbkveld! Kl. 18:00-21:00 Se vekeplan på insta.

Følg ungdomskonsulenten på Snap og Insta for informasjon om kva som skjer: