Landsbyrådet

Her kan du sjå kven som er medlemmar av Landsbyrådet i Lom i 2017-2019. 
Landsbyrådet er ein pådrivar for å utvikle Lom som nasjonalparklandsby og nasjonalparkkommune, og har møte omkring 3-4 gonger i året. 
Rådet har eksistert sidan 2008 og er eit positivt samarbeidsforum der det er lov å kome med nye idear!
Alle innbyggjarar i Lom har møte- og talerett, men berre medlemmane har stemmerett. 
Formannskapet fungerer som styringsgruppe når det skal gjerast vedtak. 

Olav Tøfte (Norsk fjellsenter) 
Olav Tøfte representerer Norsk fjellsenter i Landsbyrådet.

Mari Wedum (Visit Jotunheimen)
Reiselivet sin representant i landsbyrådet. 

Bjarne Eiolf Holø 
Peika ut av formannskapet til å representere innbyggjarane i landsbyrådet.

Arnt Rune Vole (handelsstanden) 
Handelsstanden sin representant i Landsbyrådet, via Visit Jotunheimen

Torgeir T. Garmo (Fossheim steinsenter)
Fossheim steinsenter sin representant i Landsbyrådet.

Egil Olav Nyrnes
Turstiglaget Lom nasjonalparklandsby sin representant inn i Landsbyrådet. 

Åshild M.Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator for Lom nasjonalparklandsby, sekretær.

Bjørn Åge Jenssen
I 2012 vart det òg tilsett ein felles koordinator for alle dei fem nasjonalparklandsbyane. Han har kontor i Lom

Landsbyrådet ynskjer god kontakt med næringslivet, folk i og rundt Lom og andre interesserte. Ta gjerne kontakt med lokal koordinator eller andre i Landsbyrådet dersom du har idear du ynskjer å dele med oss!

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje