Borgarleg vigsel

Biletet syner to forlovelsesringar - Klikk for stort bilde1. januar 2018 vart borgarleg vigsel overført frå tingrettane til kommunane. 

Det er to funksjonar som har vigselsmynde i Lom kommune: Ordførar og varaordførar.

Korleis gjere avtale?

Ein gjer avtale om borgarleg vigsel ved å ta kontakt med servicetorget i Lom kommune. Det er ynskjeleg at ein gjer avtale om tidspunkt for vigsel minst ein månad i førevegen.

Erklæring og attestar

Før vigselen må brureparet syte for at eigenerklæringar, forlovarerklæringar og attestar er sende til folkeregisteret som skal stadfesta at vilkåra for inngåing av ekteskap er oppfylte. Folkeregisteret vil etter dette utstede ein prøvingsattest som er gyldig i fire månadar. Denne må vere Lom kommune i hende seinast to veker før datoen for vigsel.

Alle spørsmål til prøvinga må rettast til folkeregisteret ved ditt regionale skattekontor. Endeleg vigselsattest blir ettersend av folkeregisteret.

På skatteetaten.no finn de skjema og rettleiing til borgarleg vigsel.

Kostnad

Borgarleg vigsel er gratis for innanbygds par som ynskjer vigsel i vanleg kontortid. For kostnad knytt til vigsel utanom kontortid, og for utanbygds par som ynskjer vigsel i Lom kommune tek de kontakt med servicetorget for nærare avtale. 

Opningstider

Lom kommune

Sognefjellsvegen 6

2686 LOM

61 21 73 00

post@lom.kommune.no

Orgnr.: 959377677

Opningstid Servicetorget

kvardagar: 10.00 - 14.00