Viktig melding

Lom kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til lom.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Lom? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!

Tilgjengelegheit

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke lom.kommune.no, samt undersider knytt til kommunen (som til dømes Utgard). Derfor arbeider kommunen kontinuerleg med å betre brukaropplevinga, og nyttar relevante standardar for tilgjengelegheit.

Tiltak for å støtte god tilgjengelegheit

Vi skal:

  • Følgje forskrift om universell utforming av IKT.
  • Følgje retningslinene Web Content Accessibility Guidelines (WCAG).
  • Halde oppe og vidareutvikle ein tilgjengeleg nettstad.
  • Sjå til at nettstaden oppnår minst nivå AA i WCAG 2.0 (Digitaliseringsdirektoratet).
  • Tilpasse innhald og funksjonalitet slik at det oppfyller nye krav i WCAG 2.1 (Digitaliseringsdirektoratet).

Sei ifrå om manglande tilgjengelegheit

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller skriv vi på ein måte som gjer at det er vanskeleg å forstå? Vi set stor pris på attendemeldingar om tilgjengelegheit!

Send oss ei melding

Tilgjengelegheitserklæringar 

Ansvarleg for nettstaden

Ansvarleg for nettstaden er kommunedirektør, Jostein Gårderløkken.
Ansvarleg redaktør for nettstaden og digitale kanalar er Rønnaug Nyrnes.
Attendemeldingar kan sendast til redaktor@lom.kommune.no