Viktig melding

Lom kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til lom.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Lom? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!

Felles akuttberedskap for Nord-Gudbrandsdalen

Vakttelefon barneverntenesta i Nord-Gudbrandsdal: 908 54 475 
Denne er operativ frå kl. 15.30 til 08.00 på kvardagar, og heile døgnet på helg og heilagdagar.

Akuttberedskapen gjeld akutte saker som ikkje kan vente til neste dag.

I kontortida er det dei aktuelle barneverntenestene i kommunane som tek i mot telefonar. Sjå oversikt over tilsette med kontaktinformasjon.

Sjå elles den nasjonale portalen, Barnevernvakten, for meir informasjon.