Ergo- og Fysioterapitenesta Lom og Skjåk

Ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk vart organisert som ei interkommunal teneste i 1. mars 2021, med Lom som vertskommune. Det er likeverdige tilbod i dei to kommunane, med kontor og behandlingslokale i både Lom og Skjåk. Tenesta består av to ergoterapeutar og seks fysioterapeutar fordelt på 6,7 årsverk. Brukarane står fritt til å velje kva for kommune dei ynskjer oppfølging i.

Tenesta består av helsefremjande og førebyggande arbeid, habilitering og rehabilitering. Målet er å oppnå best mogleg funksjon i samband med skade eller funksjonssvikt gjennom kartlegging, trening, behandling og vurdering av kompenserande tiltak med tekniske hjelpemiddel. Tenesta behandlar enkeltpersonar i alle aldrar, men kan også jobbe helsefremjande og førebyggande mot enkeltpersonar, grupper og på samfunnsnivå. Tenesta samarbeider med mellom anna lege, helsestasjon, barnehage, skule, pleie- og omsorgstenesta, psykisk helse, hjelpemiddelsentralen og spesialisthelsetenestene.

Artikkelliste

Opningstider

Telefontid 

09:00 - 14:00
Du finn kontaktinformasjon til terapeutane under Kontakt Lom og Kontakt Skjåk. 
Sidan vi ofte er opptekne med pasientbehandling ringer vi attende når vi har tid.

 

Her finn du oss

I Skjåk finn du fysioterapeutane på kommunehuset. Ergoterapeuten har kontor på Skjåkheimen.

I Lom finn du ergo- og fysioterapeutane i 3. etasje på Lom helseheim.