Omsorgstenester

Pleie- og omsorgsavdelinga finn du på og i området rundt Lom helseheim. Telefon:  61 21 72 25.

Velkomen til pleie og omsorg

Vi legg vekt på å tilby tenester som er fleksible, varierte og av god kvalitet. Tenestene våre skal vere tilpassa den enkelte brukar og dei næraste pårørande, og vi jobbar for at dei ulike tilboda skal henge saman og fungere som ein heilskap. Ressursane vi har tilgjengeleg skal brukast på best mogleg måte for å gje eit godt og trygt tilbod.

Mål for heimebasert omsorg

Vi skal tilby individuelt tilpassa tenester etter behov, uavhengig av alder, diagnose eller bustad i Lom kommune.

Mål for institusjonsbasert omsorg

Vi skal sørgje for at alle som bur på institusjon får sine behov for omsorg, tryggleik og trivsel dekka, og at tilbodet er prega av respekt og verdigheit.

Kontakt

Elin Jeanette Ulen
Kvalitets- og utviklingsrådgjevar
Telefon 61 21 72 25
Julianne Ramstad Plassen
Avdelingsleiar heimebasert omsorg
Mobil 474 60 296
Guro Einbu
Avdelingsleiar institusjon
Mobil 404 37 941
Ann Kathrin Flækøy
Avdelingsleiar tilrettelagte tenester
Mobil 474 53 241