Viktig melding

Lom kommune er igang med Friskus aktivitetskalender!

Nå kan næringsliv og friviljuge lag og organisasjonar synleggjere arrangement og aktivitetar på ei felles side. Dette gjer det mykje enklare for deg som innbyggjar å få oversikt på kva som skjer. 

Gå til lom.friskus.com

Er di bedrift, lag eller organisasjon arrangør av noko i Lom? Da kan du opprette ein arrangørprofil, og legge ut arrangementet ditt heilt gratis!

Eggjalia arbeidssenter

Eggjalia arbeidssenter utfører oppdrag for offentlege og private verksemder og legg til rette for at arbeidet kan utførast av personar med alle typer funksjonshemmingar.

På arbeidssenteret driv vi mellom anna med produksjon og pakking/embalering. Vi legg stor vekt på trivsel, sosialt samvære og eigenutvikling. Alle er velkomne til å besøkje oss og sjå på produkta våre.

Eksempel på produkt frå oss

Kort og bordkort til alle slags høve. Treprodukt som dukkevogner/senger, krakkar, hyller, trådsnellehaldar og blomsterbord. Vevde filleryer og løparar. Forkle til barn og vaksne, gryteklutar, ammeputer og sengesett til baby. Gardinsaum. Vi kan tilby sal av billig ved til eldre og uføre. Vi køyrer også ut ved til kvar enkelt for ein rimeleg penge.

Nye oppdrag

Vi treng varierte arbeidsoppgåver og er glad for både små og større oppdrag. Ta kontakt om du har eit oppdrag vi kan hjelpe deg med.

Kontakt

Lom Arbeidssenter Eggjalia
Mobil 948 38 925

Adresse

Gamelvegen 1

2686 Lom