Søk kommunale kultur- og idrettsmidlarAlle friviljuge lag og organisasjonar som driv aktivitet innan kultur og idrett kan søkje kommunen om driftstilskot. Driftstilskot Tilskot til idrettsføremål vert fordelt av idrettsrådet. Tilskot til kulturføremål vert administrativt fordelt av kommunen.Fristen for å søkje driftstilskot for 2025 er 23. mars 2025.NB! Dei som allereie har sendt inn søknad for 2025 treng ikkje søkje på nytt. Gå til søknadsskjema for driftstilskot Kultur- og idrettstilskot Søknadar om kommunal støtte til enkelttiltak og prosjekt innan kultur- og idrettsområdet vert behandla fortløpande heile året.Gå til søknadsskjema for kultur- og idrettstilskot Tilskuddsportalen Lag og organisasjonar i Lom kommune kan registrere seg som brukarar i Tilskuddsportalen og få tilgang på over 1500 søkbare tilskot.Her kan du enkelt finne fram til aktuelle tilskot som kan finansiere små og store prosjekt.Alle kontaktpersonar må registrere seg som brukarar, og det vert gjeve tilgang til inntil tre brukarar frå kvar foreining.Gå til Tilskuddsportalen Sist endret 28.01.2025 13.54