Leige lokale til arrangementLom kommune har fleire lokale du kan leige til ulike arrangement. Under finn du retningsliner og kontrakt. Rom som kan leigastLoar skuleSFO-rom Lom ungdomsskuleKantineKantine m/kjøken (NB! kun etter avtale med rektor)MusikkromSløydsalSkulekjøkenSteinfjosetGymsal med sceneGamle Loar, 2. etasjeKontoretKlasseromLite rom vestDrengjestugu, 2. etasje Stort klasserom Gammelbanken1. etasje aust2. etasje aust Presthaugen Sceneanlegg GrillToalettanleggEldhuset Betalande leigetakararPrivate leieførehald Privatpersonar eller ei gruppe personar utan organisasjonsstatus. Lag og organisasjonar Lag og organisasjonar med organisasjonsnummer registrert i Lom kommune kan korttidsleige utvalde lokale til ein redusert sats. For langtidsleige og overnattingsleige gjeld ein annan sats. Langtidsleige vert definert som når ein leigetakar åleine disponerer eit lokale i meir enn 7 samanhengande dagar, og det i same periode ikkje kan leigast ut til andre. Sals- og næringsverksemd Leigar som brukar lokal til sals- og næringsverksemd. Overnatting Grupper av private, organisasjon eller næringsdrivande som leiger skulane til overnatting.UtleigesatsarFylgjer til ein kvar tid gjeldande gebyrregulativ i økonomiplanen. Gebyrregulativet er som ei forskrift å rekne og vil til ein kvar tid vere gjelande regulativ. Dersom det trengs bistand av tilsette ved utleige for innføring i bruk av teknisk utstyr og liknande, kjem utgifter i høve til dette i tillegg til utleiesats.Gratis disposisjonVaksenopplæring i studieorganisasjonane Kommunen stiller lokale gratis til dispensasjon for studietiltak som får statstilskot - reinhald er her medrekna. Jfr. § 7. Gratis bruk av undervisningslokaler: "Undervisningslokaler der driftsutgiftene dekkes av det offentlige, skal etter søknad stilles vederlagsfritt til disposisjon for studieforbund og medlemsorganisasjoner ved avholdelse av kurs med tilskudd etter loven. Departementet gir nærmere forskrifter." Definisjon jfr. §2a Forskrift om studieforbund godkjent av Kunnskapsdepartementet: "Kurs: Organisert opplæring i samsvar med en studieplan som på forhånd er godkjent av studieforbundet." For å falle inn under reglane for gratis bruk av undervisingslokale må det vere samsvar mellom den aktiviteten og tidsperioden som de har fått vaksenopplæringsmidlar til, og den aktiviteten og den tidsperioden som de nyttar det aktuelle utleigelokalet. Administrasjon av utleigeLeigetakar kontaktar servicetorget på telefon: 61 21 73 00 i opningstida, for å avtale leige av lokale, avtaleskriving av leigekontrakt og utlevering av nøkkelbrikke. Nøkkelbrikke skal innleverast fyrste verkedag etter avslutta leigeperiode, eeventuelt etter avtale.Spørsmål om praktiske ting rettast til servicetorget. Oppgjer for utleige: Økonomiavdelinga i kommunen sender ut faktura til leigetakarane etter fakturagrunnlag frå servicetorget. Frist for innsending av fakturagrunnlag til økonomiavdelinga er innan den 1. i månaden etter leigeførehaldet er avslutta.Generell rutine ved all utlån og utleie av kommunale lokale Leigetakar har ansvaret for at lokala blir rydda, og eventuelt naudsynt reinhald etter bruk. Leigetakar er ansvarleg for økonomisk erstatning av skader på inventar og utstyr som eventuelt måtte oppstå. Administrasjonen har høve til å avvise leietakarar som frå før ikkje har overhalde retningslinene for utleige av kommunale lokale. Tap av nøkkelbrikke erstattast etter gjeldande satsar. Dyrehald i lokala er ikkje tillate. Servicetorget informerer og eventuelt avklarar med tenesteleiar ved ulike bygg om komande utleige/utlån. Branninstruks er obligatorisk for at all utleige/utlån kan gjennomførast. All bruk av andre lokale enn nemnd over for eksterne leige-/lånetakarar, skal i kvart høve godkjennast via tenesteveg, med mogleg husleige:Servicetorg → Tenesteleiar kommunal eigedom → Tenesteleiar gjeldande område. Generell rutine ved overnattingVed overnatting, skal det: Seinast 3 veker før overnattinga sendast skriftleg melding via servicetorget til tenesteleiar kommunal eigedom for godkjenning av tiltaket. Overnatting skal også godkjennast av brannsjef. Alltid vera ei vaken nattvakt. Vaktene skal vera kjende med brannrutinane ved bygget. Ansvarleg person frå leigetakar har ansvar for: å setja seg inn i branntavle, evakueringsplan for bygget setja seg inn i kvar nødutgangane er, og korleis ei eventuell evakuering skal skje o organisere og gjennomføre nødvendige brannrundar på natt ivareta røykeforbod i bygget, og på skulane sine uteområde ivareta forbod mot bruk av alkohol- og andre rusmidlar i bygget, og på kommuna sine uteområde vindaugo er lukka og bygget er forsvarleg låst ved fråvær rom er tømt for søppel golv er moppa bygg og uteområdet er rydda og pent ved avreise inventar/utstyr/ eller andre bygningsmessige ting, som blir øydelagd eller forringa må erstattast av leigetakar Ved brann under ei overnatting skal vaktene: få alle trygt ut frå bygget ta oppteljing late att dører og vindauge varsle brann 110 varsle teknisk vakt: 97153580møte brannvesenet og informere ved større- og overnattingsarrangement skal risikovurdering og rednings- og beredskapsplan fyllast ut og sendast via servicetorget til tenesteleiar kommunal eigedom som tek denne vidare til brannsjef bygga har direktekopling til 110-sentralendersom det er falsk alarm som skuldast brukarfeil av leigetakar, må 110-sentralen varslast omgåande. Ved utrykking pga. falsk alarm vil leigetakar bli fakturert for brannvesenets sine faktiske utgifter Leigekontrakten er gyldig frå den dato brannsjefen godkjenner overnattinga. Lom kommune har ikkje erstatningsansvar for eigedelar tilhøyrande leigetakar.KontraktKontrakt for leige av lokale frå Lom kommune. (PDF, 272 kB) Publisert 05.01.2022 10.16 Sist endret 26.09.2024 14.42