Eldhuset i Presthaugen

Her kan du lese om mat- og eldhuset i Lom, og informasjon om utleige.

Om eldhuset

Ideen om eit mat- og eldhus i Lom kom frå den lokale reiselivsnæringa i 2019, med Arne Brimi i spissen. Initiativet vart fulgt opp av Gudbrandsdalsmusea, Norsk Fjellsenter, Lom Heimbygslag og Lom kommune. Våren 2022 stod det nye eldhuset klart. Eldhuset ligg sentralt i bygdemuseet Presthaugen, rett i nærleiken av Lom sentrum. Mat- og eldhuset har ein innandørs bakstomn, og kjøkenfasilitetar slik som til dømes vask, platetopp, kjøle- og fryseskåp og kaffetrakter. Utafor eldhuset er det ein stor eldplass. 

"Bålkokking skal bli det same for Lom som Skyliften er for Loen" - Arne Brimi

Det å tilberede mat over open eld har lange tradisjonar i Nord-Gudbrandsdalen, og er å sjå på som ein viktig del av den immaterielle kulturarven vår. Både tilreisande og fastbuande i Lom skal få tilbod om å lære seg denne måten å lage mat på.

Presthaugen er ein sentral samlingsplass for mange arrangement, mellom anna i regi av friviljuge lag og foreiningar, barnehage og skule. Med det nye eldhuset er det lagt betre til rette for å nytte området for både friviljug sektor og lokalt næringsliv. Eldhuset har allereie vore i bruk av serveringsbedrifter og av lag og foreiningar, blant anna høve 17.mai-feiring.

Leige av eldhuset

Eldhuset kan leigast av friviljuge og kommersielle aktørar. Privatpersonar har diverre ikkje anledning til å leige bygget.

Ynskjer du å leige eldhuset? Ta kontakt med Gudbrandsdalsmusea v/Nils Teigen på e-post nilsteig@online.no eller telefon 97718812.