Det store puslespelet. Dei eldste arkeologiske funna av Bibelen.

Plakat til temakveld med hans J. sagrsuten om dei eldste bibelske manuskripta. - Klikk for stort bilde

Tysdag 18. april inviterer vi til ein spennande temakveld om dei eldste arkeologiske funna av Bibelen. Hans J. Sagrusten tek oss med på ei lærerik reise der han fortel om dei eldste bibelske manuskripta. Kor gamle er dei, og kor godt samsvarar desse funna med teksta i biblane våre i dag? Det blir høve til spørsmål, og kanskje kjem det ei musikalsk overrasking i løpet av foredraget? Foredraget byggjer på Sagrustens bok Det store puslespelet.