Høyrseldag på biblioteket 3. april

Bilde av audiograf Rune Brekka - Klikk for stort bilde

Måndag 3. april inviterer vi til høyrseldag på biblioteket. Audiograf Rune Brekka vil ta for seg litt om anatomien og funksjonen til øyret. Han vil vise ulike typer høyreapparat, seia litt om føremålet med høyreapparat og om korleis dei fungerer. Vi får òg tips om førebygging for korleis vi kan unngå å få nedsett høyrsel. Det blir høve for deltakarane til å stille spørsmål og få tips og rettleiing. Opplegget varar frå 12.00 til om lag 13.30.

Høyrseldagen er del av folkehelsesatsniga til biblioteket og kommunen. Er du i målgruppa, eller kjenner du nokon som kan ha nytte av å delta, så tips dei om høyrseldagen.

Gratis inngang. Inga påmelding. Vel møtt!