"Ikke glem Vestbredden. En øyenvitneskildring" 3. juni

Thore Desserud vart nyleg evakuert frå Vestbredden etter at krigen mellom Israel og Hamas braut ut. 3. juni gjestar han biblioteket.

Plakat til arrangementet med Thore Desserud på biblioteket: Ikke glem Vestbredden. En øyenvitneskildring. - Klikk for stort bilde

Thore Desserud er ein av tre nordmenn som nyleg vart evakuert frå Vestbredden etter at krigen mellom Israel og Hamas braut ut.
Måndag 3. juni kl. 19.00 gjestar han biblioteket for å fortelja om opplevingane sine på Vestbredden og om konflikten mellom Israel og Palestina. Vi får ei unik augevitneskildring frå ei av dei store, pågåande konfliktane i verda. 

Thore Desserud er opphavleg frå Jevnaker, nå busett i Oslo. Han har blant anna vore direktør ved Norsk Bergverksmuseum (1993-1998) og Eidsvoll 1814 (1998-2001). Sidan 2010 har han hatt ulike leiarstillingar i Akershus og Viken fylkeskommunar.

Vel møtt til eit aktuelt og lærerikt foredrag på biblioteket.

Inngang: 100 kr