Forteljingar om flukt er tittelen på vårt nye prosjekt. Dette er eit prosjekt der ulike former for flukt er tema. Prosjektet er initiert og støtta av Stiftelsen Fritt Ord. Det blir i alt seks temakveldar i løpet av året.
Fyrste temakveld blir 25. januar. Terje Mikael Hasle Joranger frå Norsk utvandrermuseum kjem til biblioteket for å prate om utvandringa til Amerika med vekt på utvandringa frå Lom og Nord-Gudbrandsdalen.
Vi får besøk av heile tre aktuelle forfattarar nå på starten av året. 15. februar kjem Johan B. Mjønes for å prate om den nye boka si Kampen. Argentina-England, Falklandskrigen og Guds hånd. 8. mars kjem Anders Totland som har gjort stor suksess med romanen Til jord skal du bli. Morten A. Strøksnes har skrive bok om Noregs einaste tropeoppdagar, Carl Lumholtz frå Lillehammer. 22. mars besøkjer Morten biblioteket med Lumholtz' gjenferd.
Skulestartarane våre får bli kjende med ein ekte ulykkesfugl. 13. mars kjem BOKLEK-formidlar Kristine Haugland og fortel om boka Uppsa av Hilde Hodnefjeld.
Det blir Litterære lønsj fredag 3. februar og fredag 31. mars. Kven som blir med oss som gjesteopplesarar er enda temmeleg hemmeleg.
Vel møtt til ein innhaldsrik og lærerik etterjulsvinter på biblioteket!