Kul tur med biblioteket

Kul tur med biblioteket - plakat - Klikk for stort bilde

Onsdag 28. juni opnar vi vår kulturhistoriske vandreløype Kul tur med biblioteket. Dette er ei sentrumsvandring med ti postar plassert i Lom sentrum. Løypa går frå biblioteket, over utleggsbrua, opp ved Nordal, over Bergje, bort til Lesekiosken (den gamle telefonkiosken ved Best) og ned til Bakeriet i Lom.

For å få opp innhaldet i postane, treng du ein smarttelefon som kan lesa qr-koder. Kul tur med biblioteket passar for store og små, for fastbuande og tilreisande. Av innhaldet kan nemnast forfattarane våre, Gamle Loar, det eldste friarbrevet i Noreg, husmannsjenta Jørgine Boomer som vart vertinne på Waldorf Astoria i New York City, Gjendine, vatning i Lom og eit lynkurs i lomver med ungar frå Lom. 

Prosjektet er i regi av Lom folkebibliotek, støtta av Nasjonalbiblioteket. Haus byrå i Skjåk står for den visuelle utforminga.

Vi håpar at mange vil vera med oss på opninga onsdag 28. juni kl. 19.00 og at mange vil gå løypa i sommar. Kul tur!