Meirope bibliotek

Biblioteket om kvelden - Klikk for stort bilde

Om du lurar på kvifor ljoset står på på biblioteket seint og tidleg nå, er det fordi vi går i gang med meirope bibliotek. Mellom 07.00 og 22.00 blir det høve til å bruke biblioteket kvar dag, året rundt.

Vi set i gang med prøveperiode frå neste veke og treng prøvekaniner. Ta kontakt om du er interessert. Etter vinterferien opnar vi tilbodet for alle over 18 år. Du må inngå kontrakt med biblioteket for å få tilgang. Barn og unge under 18 år kan bruke biblioteket i meirope-tida i følgje med ein vaksen. Personalet er tilstades i den ordinære opningstida som før.

Biblioteket høyrer folket til, og storstua med vår felles bokhylle, blir nå meir tilgjengeleg for alle.