Morten A. Strøksnes om Carl Lumholtz

Bilde av Morten A. Strøksnes og boka Lumholtz' gjenferd. Også eit lite bilde av Magnus Mundal. som skal samtale med Strøksnes om boka. - Klikk for stort bilde

Onsdag 22. mars kl. 19.00 gjestar Morten A. Strøksnes biblioteket. Han samtalar med Magnus Mundal om boka Lumholtz' gjenferd. 

Dette er ei bok om Carl Lumholtz (1851–1922), Noregs einaste tropeoppdagar, verdskjend i samtida for sine ekspedisjonar til Australia, Mexico og Borneo. Frå Lumholtz' heimstad på Lillehammer har idéhistorikar, journalist og forfattar Morten A. Strøksnes følgt i oppdagaren sine fotspor ut i verda, til fjerne regnskogar, ørkenar og fjellmassiv. Boka kom ut i fjor haust og har fått ei mengd gode omtaler. "Eventyrlig om en virkelig eventyrer … Et glansnummer av historieformidling … rett og slett en strålende bok", skriv Fartein Horgar i Adresseavisen.

Strøksnes er òg forfattaren av Havboka, eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider (2015). For denne boka mottok han Brageprisen og Kritikerprisen, og boka er seld til 24 land.

Onsdag 22. mars kjem Strøksnes til Lom for å prate om Carl Lumholtz og arbeidet med boka. Han samtalar med historikar Magnus Mundal.
Vi ser fram til ein interessant og lærerik kveld. Vel møtt!

Inngang: 100 kr