Opning av meirope bibliotek 16. mars

Bilde frå bokkafeen på biblioteket - Klikk for stort bilde

Torsdag 16. mars blir det offisiell opning av meirope bibliotek ved Lom folkebibliotek. Det blir snorklipping kl. 09.00, og fram til kl. 15.00 serverer vi kake og kaffi til alle gjestar. Meirope bibliotek er eit tilbod til alle som er 18 år eller eldre. Du kan inngå kontrakt med biblioteket som gjev deg tilgang kvar dag heile året mellom 07.00 og 22.00.

16. mars er prøveperioden over, og vi kan tilby meirope bibliotek til alle over 18 år som ynskjer tilgang til biblioteket utanom den ordinære opningstida. Lånekortet ditt fungerer som nøkkel til døra. Du loggar deg inn ved inngangen med lånekort og pinkode. Lånarar ved biblioteket i Lom er lite vande til å bruke lånekort når dei er på biblioteket. Alle har fått lånekort ein gong, men vi deler ut nye til dei som ikkje finn att kortet sitt.

I meiropetida kan du nytte deg av dei fleste tilboda på biblioteket. Du kan låne og levere bøker og anna materiell på utlånsautomaten, lesa aviser og tidsskrift, på papir eller elektronisk. Du lesa bøker eller leike med ungane i barneavdelinga, spela brettspel, jobbe eller studere. Du har også høve til å kjøpe deg kaffi eller andre drikkevarer frå kaffiautomaten.

Barn og ungdom under 18 år må ha følgje med ein forelder eller føresett for å nytte seg av meirope bibliotek. Den vaksne har ansvar og må opphalde seg i biblioteket saman med barnet/ungdommen.

Meirope bibliotek er basert på tillit. Biblioteket er vår felles storstugu, og bokhylla er felles for alle innbyggjarane og brukarane av biblioteket. Det blir meldt om få problem med meirope bibliotek i andre kommunar det er naturleg å samanlikne seg med, og vi trur og håpar at det vil fungerer godt her i Lom også. For tryggleiken til brukarane er det kameraovervaking i meiropetida. Det er berre i tilfelle hærverk eller kriminelle handlingar at opptak blir sjekka.  

For å få tilgang til meirope bibliotek, må du inngå kontrakt med biblioteket der du skriv deg under på at du godtek vilkåra for å bruke meirope bibliotek. Du får også opplæring når du ordnar deg med tilgang.

Personalet blir til stades i opningstida som før, og dei ordinære opningstidene blir ikkje endra som følgje av tilbod om meirope bibliotek.

Meirope bibliotek er eit ekstratilbod som gjev innbyggjarane større eigarskap til biblioteket og til vår felles bokhylle og er uttrykk for at biblioteket er vår felles eigedom.